Statoil under juletreet
- Detaljer
- Publisert fredag 10. februar 2012 09:06
- Skrevet av Albert H. Collett
Pappa Terje bygde huset på Lindås, men jobba ikkje i Statoil....
I 1982 flytta familien Fauske til Lindås, og vart naboar med Europas nest største oljeraffineri. Omkring dette har Eirik Fauske spunne eit nakent familieportrett, eit tidsbilete og eit komplett stykke teater som mange vil kjenne seg igjen i. All grunn til å oppsøke «Lindås» på teaterhuset Avant Garden i dagane fram til måndag.
To ord med Eirik Fauske før framsyning:
- Eg har arbeidd med familien som tema før, men ikkje så direkte. Her brukar eg dei verkelege namna på foreldra og søskena mine.
Mongstad prega oss. Dei som hadde foreldre der, fikk finare julegåver. Mongstad hadde dei finaste juletrefestane. Vi som ikkje var inne, var litt misunnelege, men prega vi og. Eg hugsar ein trolldeigfigur med Statoil-logo på hjelmen. Eg hugsar òg vevnader med boreplattformar som motiv.
Kakao
Inn i stykket: Filmsnutt frå ein boreplattform. Roughnecks i arbeid på dekk. Tett på ei heilt ny verd. Raske, koordinerte rørsler med stor presisjon og stor risiko. Seinare i stykket møter vi igjen scenen i eit høgdepunkt vi ikkje skal røpe.
Pappa Terje er utanfor dette. Han har gjort framlegg om symjebasseng i Lindås. Det blir aldri noe av. Han når ikkje heilt fram på andre område, heller. Det får sine følgjer. Mamma glattar over. Ho lagar kakao.
Begge foreldra blir såpass blottstilte at ein tek seg i å håpe at dette ikkje kan vere heilt sant, sjølv om det godt kunne ha vore det.
Må vi diskutere alt?
Ut av stykket:
- Det er litt Knausgård-kommentar her. Alt skal opp no. Men er det viktig at alt skal diskuterast, spør Eirik Fauske.
- Det er heller ikkje sånn at folk må forstå alt, meiner han.
Stykket er ikkje ei samanhengande, kronologisk historie. Meir ein collage, ei samling fragment med familien og oljen som gjennomgangstema.
- Vi har jo alle eit dobbelt forhold til oljen. Vi brukar han, men samtidig veit vi at vi berre tar ut av banken. Det er eit svært tema.
Det same er sjølvsagt familien. Smerten ved å flytte heimanfrå, til dømes. ««Lindås» er ei familiegjenforeining og ei utgraving, det er eit desperat ønskje om å vere nær det som for alltid vil vere borte,» som det står på programkortet.
Full pakke
«Lindås» er ein ambisiøs produksjon. Her blir alle teaterets verkemiddel tekne i bruk. Til og med luktesansen får vi bruk for. Her er intens frykt, djup smerte, barnsleg fryd, glad leik, djupt alvor, stor spennvidde i musikalske og dramatiske uttrykk.
Arbeideravisas utsendte er ingen teatermeldar, men tillét seg å meine at dette er eit moderne stykke teater som fungerer svært bra. Vi let oss begeistre, rett og slett.
Mange med
Eirik Fauske står for tekst og regi. På scenen finn vi Erlend Samnøen, Terese Vangstad, Tov Sletta, Ingvild Meland og Eirik Fauske sjølv. Signe Becker er scenograf, Marit Grimstad Eggen er dramaturg, Jørgen Noodt Skjærvold har ansvar for video og lyd, Eirik Brenne Torsethaugen ditto for lys. Ole Johan Skjelbred og Per Ananiassen har hatt ansvar for utanfråperspektiv, mens Eirik Fauske har produsert saman med Marit Grimstad Eggen.
For å skrive kommentar til innlegget må du være registrert og innlogget.