No kan du studere fagrørslas historie
- Detaljer
- Publisert onsdag 29. februar 2012 19:51
- Skrevet av Albert H. Collett

Er du tillitsvald og vil kjenne historia til rørsla du er ein del av? Har du leita etter studietilbod? Ikkje så rart, for det finst knapt. Heldigvis er det håp. I Trondheim starter eit skreddarsydd studium i august.
Høgskolen i Sør-Trøndelag har utvikla tilbodet i tett samarbeid med initiativtakarane i fagrørsla. LO i Trondheim, Fagforbundet lokalt og sentralt og Utdanningsforbundet i Trondheim har finansiert utviklinga av studiet, som er lagt opp slik at studentane skal kunne bu kor som helst i landet. Samlingar, ekskursjonar, oppgåver og it-basert læring gir 30 studiepoeng ved fullført løp etter tre semester.
Frå krav til lov
Tittelen på studiet er "Arbeidsliv, fagorganisering og demokratisering – fagbevegelsens historie". Strukturen er lagt opp slik at studentane må nærme seg stoffet både tematisk og kronologisk.
Den tematiske tilnærminga er delt i tre: Først arbeidsliv, organisering og avtaleverk, dernest demokrati og velferd, til sist økonomi og ideologi.
Eitt av fenomena som blir tatt opp, er korleis rettar vi ser på som sjølvsagte i dag, har vorte kjempa fram av fagrørsla opp gjennom historia. I dag er mange av dei lovfesta, men dei har nesten alltid vorte oppnådde som del av tariffavtalar før dei kom så langt. Forkortingane i arbeidstid er berre eitt av mange døme.
Tar til i 1850
Den kronologiske gjennomgangen blir delt i fire epokar. Perioden frå 1850 til første verdskrigen tar for seg utviklinga frå dei første forsøka fram til ei velorganisert fagrørsle. Bonderørsla og dei Venstre-inspirerte arbeidarforeiningane tilhører forløparane til fagrørsla i denne epoken. Det samme gjer thranittar-rørsla, med sine 30.000 medlemmar.
Perioden frå 1914 til 1945 gjennomgår klassekamp, konfliktdemping og okkupasjonstid. Frå 1945 til -75 ligg fokus på sosialdemokratisk orden, velferdsstat og spirar til ny radikalisering, mens tida deretter handler om høgrebølgja, avindustrialisering og globalisering.
Tre år på is
I oppbygginga av studiet har HIST hatt solid støtte av ei referansegruppe der blant andre tidlegare studieleiar Finn Bærland i Fagforbundet var med. Han er ein veteran med stor kjennskap til fagrørslas historie.
Kristin Bjørlykke frå LO i Trondheim og Agneta Amundsson frå Utdanningsforbundet Trondheim har også deltatt.
Eigentleg skulle studiet ha starta for tre år sia. Dessverre var det for få som teikna seg. No er finpussa utgåve og ny emneplan klar. Svein Carstens har komme inn som fagansvarleg.
Motvekt
- Arbeidslivet blir heile tida meir profesjonalisert. Tillitsvalde møter arbeidsgivarar med høg formell kompetanse. Eg ser for meg at dette studiet kan fungere som ei god motvekt, seier Svein Carstens.
Kristin Bjørlykke supplerer:
- No til dags får vi gjerne høyre at vi treng eit meir moderne og fleksibelt arbeidsliv. Dersom folk får kjennskap til historia, vil dei sjå at fleksibiliteten slett ikkje er moderne, men ei reversering til tilstandar fagrørsla har kjempa seg ut av.
Fagforbundet lokalt og sentralt, LO kommune og Utdanningsforbundet har til saman skote inn omkring 300.000 kroner for å sikre finansieringa av studiet.
Kursavgifta blir 6 000 kroner per semester, men det går an å søke støtte hos organisasjonen sin. I utgangspunktet må søkarane ha studiekompetanse, men folk med realkompetanse kan òg søke. Fristen for å teikne seg er 15. april.
For å skrive kommentar til innlegget må du være registrert og innlogget.