Finlands Srebrenica
- Detaljer
- Publisert torsdag 10. oktober 2013 09:32
- Skrevet av Albert H. Collett
Ingen tvil: Kjartan Fløgstad var rosina i pølsa på årets Hegraseminar. Her i friluft under omvisinga på festningen.
Etter at den finske borgarkrigen var over i 1918, vart 10 000 av dei raude avretta. I tillegg døydde 12 000 av tørst og underernæring. I ettertid har hendingane vorte kalla Finlands Srebrenica. Om dette har Kjartan Fløgstad skrive bok. Om dette fortalde han nyleg på Hegraseminaret.
Tunge professortitlar blant dei øvrige innleiarane til tross: Ingen tvil om at Kjartan Fløgstad var rosina i pølsa under årets Hegraseminar. I programmet sto han oppført med tittelen «Korleis vart forsoning skapt etter borgarkrigen i Finland?» Fløgstad gikk rett på sak, og omformulerte tittelen:
- Eg er redd vi heller må spørje: Vart forsoning skapt?
Forklaringa kom snart. Den tettpakka storsalen på Hegra festning fikk høyre ei historie svært få finnar kjenner, med minnesmerke ingen veit om.
Ni av ti veit ikkje
Fløgstad starta reisa si i 2005. Da var han på kombinert studie- og ferietur i Sør-Finland saman med kona. På ein restaurant i den idylliske byen Nagu oppdaga han forfattaren Kjell Westö ved eit anna bord. Dei kjende kvarandre frå før. Dei hadde ein triveleg prat, men fortalde ikkje kvarandre kva dei eigentleg gjorde i Nagu. Året etter kom begge med bøker der overgrepa etter borgarkrigen var tema; Westö i «Der vi engang gikk», Fløgstad i «Grand Manila». Sia har dei turnert i lag og snakka om bøkene både i Noreg, Sverige og Finland. Finland til slutt, symptomatisk nok. Da Fløgstad vart intervjua av den finske storavisa Helsingin Sanomat, opna journalisten samtalen med følgjande ord:
- Det du skal til å fortelje no, veit ni av ti finnar ingenting om.
«Lilla putte min»
Kva er det dei ikkje veit? At sjefen for dei kvite, general Mannerheim, den finske republikkens far, hadde gitt ettertrykkeleg ordre om human behandling av dei raude. Da den kvite sigeren var eit faktum, kom ordren på nytt: Ingen hemnaksjonar. Ingen avrettingar.
Det vart ikkje slik. Fløgstad fortel blant anna om den historiske personen Erik Grotenfelt. Han spela ei svært aktiv rolle som leiar for krigsretten på jordbruksskolen i Västanå. Der vart mange raude avretta, med Grotenfelt som dommar og leiar for standretten.
Svært lite dokumentasjon finst att frå dette svarte kapitelet i finsk historie. Breva frå Grotenfeldt til kona er eit av unnataka. Der skriv han til sin «Kloka och mycket älskade lilla fru» om forhøra av fangane, kor feige dei er, og at det er interessant å sjå korleis dei andre fangane reagerer etter at han har avretta sju. «Jag gjorde det själv,» fortel han om noen av avrettingane. Så bretter han ut korleis mange «blivit helvetes rädda», før han avsluttar med «Lilla putte min, lilla du».
Denne groteske korrespondansen kom frå ein mann som blant anna var litteraturkritikar før krigen, og den første som forsto den banebrytande poeten Edith Södergran.
Bortgøymd
Fløgstad fortel om minnesmerket i skogen ved Västanå, som ingen veit om, som knapt er mogleg å finne fram til, og som ikkje vart reist før i 1952. Og det var slett ikkje den finske staten som reiste minnesmerket, men det lokale arbeidarpartilaget.
- Det er framleis eit ope spørsmål om forsoning vart skapt i ettertid. Det som heilt sikkert vart skapt, var eit nasjonalt traume. Vi finn ikkje noe tilsvarande i noen av dei andre nordiske landa, sjølv om litt av det vart skapt her til lands under krigen, konkluderte Fløgstad.
PS
Denne artikkelen står også på trykk i siste nummer av Høgskoleavisa. Der finn du i tillegg meir stoff frå Hegraseminaret. Nettutgåva, som du kan bla deg igjennom, ligg her:
http://hit.hist.no/artikkel/543.php
For å skrive kommentar til innlegget må du være registrert og innlogget.
Kommentarer
Selvtekt er vel ikke noe ukjent fenomen i slike situasjoner. Det er vanskelig å forestille seg Mannerheims senere posisjon hvis han hadde vært en masseslakter.
Arnulf Grut
” Blant hans betydeligste arbeider er romanene Den fromme elendighet (1919) med motiv fra borgerkrigen”
Jeg leste den for mange år siden, og såvidt jeg husker, handler den om et livsløp fra vogge til grav, inklusive borgerkrigen.
Forøvrig anbefales Kjell Westös “Der vi engang gikk”, som jeg oppfattet – også som noe retning en av familiekrønike - men med borgerkrigen som sentral.
Arnulf Grut
ble slaktet av Mannerheim. De hadde blodig erfart hvilken side han sto på.
RSS feed for kommentarer til dette innlegget.