Himmelstormande Garbarek
- Detaljer
- Publisert onsdag 03. august 2011 06:13
- Skrevet av Lykkeleg Gamal Mann
Eg har ikkje peiling. Til gjengjeld kjem dette frå hjartet: Dei som fikk med seg herrane Garbarek, Gurtu, Daniel og Brüninghaus i Borggården i går kveld, kjem til å leve lykkeleg i landet. For eit lag! For ein fest!
Ingen speler Garbarek som Garbarek. Og det er noe heilt anna enn å spele på autopilot. Her skriv vi om ein mann som har krafta intakt, som ikkje repeterer seg sjølv, men speler seg sjølv, med ein intensitet og poesi som berre han kan.
Truleg får eg aldri oppleve at gråten tar meg mens eg hører kinesisk opera i falsett. Det har noko med tilvenning å gjere. For oss gamle gubbar som enno har Belonging frå 1974 i stua, hører Garbarek til i den andre enden. Vi kan lyden. Vi kjenner harmoniane. Vi føler poesien. Vi hører folketonane. Han tar oss med i kjent terreng. Men tamt blir det aldri. Til det er virtuositeten og musikaliteten og samspelet alt for genuint.
Og så leiken! Det starta med ein liten duell mellom Brüninghaus og Gurtu, kulminerte i Gurtus fenomenale soloparti med full vassbøtte og det meste andre det går an å lage lyd av, inkludert eiga tunge. Vi våger påstanden: Aldri har slike r-ar vorte rulla i Borggården! Så ny duell med sjefen på seljefløyte(?) og perkusjonisten på vokal.
Stakkars Arne Blix. Han gikk før det var slutt, og fikk ikkje med seg rosina i pølsa. Bortsett frå at det var ingen rosin. Det var ei sviske så vakker at kven som helst kunne ta til tårene. Og gjorde det.
Velkommen igjen, herr Garbarek! Da vi sms-a Paco i Spania frå Borggården før konsertstart, kom det svar: "Slikt seier ein frå om på førehand. Vi ville ha komme, hadde vi visst." Så der ser du meister, du må pent stille på nytt.
For å skrive kommentar til innlegget må du være registrert og innlogget.