Skrekk og gru på Bakklandet
- Detaljer
- Publisert torsdag 11. august 2011 11:27
- Skrevet av Albert H. Collett
Trangt på Rabarbrateatret: Øyvind Brandtzæg utnytter plassen til fulle.
Kven skulle ha trudd at ei Levangs-pi og ein Steinkjer-gut kunne skape slik uhygge? Maija Skille og Øyvind Brandtzæg gjer livet svært så utrygt på Bakklandet i desse dagar. Godt det berre er teater.
Makta ter seg. På Rabarbrateatret er det Benjamin Barker som får unngjelde. Dommar Turpin vil ha kona og dottera hans. Ved hjelp av konstabel Bamford får han sendt Barker til Australia for femten år.
Skummel hemn
London 1785. Barker er tilbake som Sweeney Todd, og vil ha hemn. Han finn Ms Lovett, og eit grotesk samarbeid er i gang. Sweeney svinger seg opp som barber, Ms Lovett får fart på paiane no når ho endeleg har godt kjøt. Målet til Sweeney er heile tida at dommar Turpin skal hamne i stolen, men dette er ein thriller, så vi skal ikkje røpe utfallet. Nok å nemne moralen: Hemn er farefull ferd.
Publikum får også smake Maija Skilles tvilsame pai.
Det opner forferdeleg. Aktørane ser ikkje ut, møkkete i kleda og svarte i ansiktet. Musikken er så langt frå Abba som det går an å komme. Kroppen stritter imot. Heldigvis går tilvenninga fort. Både fordi stykket og spelet fanger, og fordi alt skjer så tett innpå.
Halslaust
Stephen Sondheim hørde til det avanserte musikkspelmiljøet i New York frå 50-talet og utover. Gjennombrotet kom med songtekstane til Leonard Bernsteins West Side Story i 1957. Sondheim sa sjølv at Sweeney Todd var det musikalsk mest krevjande av alle spela hans.
Sjølvsagt er det er halslaus gjerning å sette opp ein slik produksjon i eit åletrongt antikvariat. 45 tilskodarar, ni aktørar og to musikarar har knappast ein kvadratmeter kvar på deling. Musikalsk leiar Erlend Jentoft har hatt ei formidabel oppgåve med å omarrangere frå 40 til tomanns orkester. Det funker! Heile oppsettinga funker. Regien sit. Her er stor innsats frå alle involverte, på og bak scenen.
Gamal draum
Men korfor? Og korfor her? Rabarbrateatergründer Brandtzæg forklarer:
- Eg har drømt om å gjere Sweeney Todd i ti år, sia eg såg noen synge ein av songane ein gong. Eg har sett stykket på Broadway. Så er det slik at det er ikkje lett å få gjort dette på ein stor institusjon. Det er ikkje like lett å selje som les Miserables. Dermed var det ikkje anna å gjere enn å kjøpe rettane og sette i gang.
Heldigvis er vi ganske upretensiøse. Dermed hadde det ikkje vore så farleg om det ikkje hadde gått så bra som det har gjort.
Barberduell mellom Sweeney Todd og herr Pirelli. Det ender fatalt.
Full av takk
For bra har det gått. Initiativtakaren er full av takk overfor alle som er med:
- Alle vi har ønska, har vorte med, og gitt to månader av sommaren sin utan å få anna igjen enn opplevinga. To av dei sit her, seier Brandtzæg, og nikker til Skille og Jentoft som sit ved same kafébord.
- Kostymefolk og inspisientar har også meldt seg uoppmoda. Heile ensemblet har gått til oppgåva med leiken i seg.
Det er lett å merke. Oppsettinga er full av saftige replikkar, dramatiske episodar, muntre glimt og fine songprestasjonar, alt framført med driv og snert av eit ungt og talentfullt ensemble.
Paiane til Ms Lovett gjer stor suksess. Lite veit dei som et...
Strålande språk
To ord om språket til slutt. Utan å ha sett originalen, slår vi fast at Ragnar Hovlands omsetting til nynorsk er strålande. Grunn god nok aleine til at denne omtalen må gå i same målform. Legg så til at mange av aktørane har gått vidare til eigen dialekt, og du er heilgardert mot stive former.
Siste oppføring er søndag. Er du heldig, er det billettar igjen. Når alle førestellingar er spela, sit Rabarbrateatret maksimalt igjen med pengar nok til å betale spelerettar og kostymestoff. Enda godt ensemblet får i seg litt pai under vegs.
For å skrive kommentar til innlegget må du være registrert og innlogget.