Djupt alvorleg humor
- Detaljer
- Publisert lørdag 15. februar 2014 13:31
- Skrevet av Albert H. Collett
Arne O. Reitan oppdagar at han er i livsfare når gamalkjærast Marianne Meløy kjem tilbake til heimbyen. Foto: GT Nergaard.
«Hysterisk morsomt!» skriv Adressa om «Besøk av gammel dame» på Trøndelag Teater. Kan så vere, men denne gongen er humoren djupt alvorleg. Igjen og igjen setter latteren seg i halsen. Vi blir alle kledd nakne når ein heil by er villig til å drepe for pengar.
Tillat eit par sidespor inn til kjernen.
Sidespor 1: I generasjonar hadde muslimar, katolikkar og ortodokse kristne levd side om side i Jugoslavia, arbeidd i lag, gifta seg på tvers av religion og etnisitet. Så ein dag, etter langvarig ytre påverknad, går den kristne mannen inn i nabohuset og skyt si muslimske svigerdotter og foreldra hennar. Eller omvendt: Muslimen skyt dei kristne.
Sidespor 2: For mange år sia møtte eg ein spansk sosialdemokrat. Han var folkevald politikar. Dette var ikkje så lenge etter kuppforsøket der offiserar gikk inn i nasjonalforsamlinga og skaut om seg. I fleire byar, blant anna Valencia, rykka soldatar ut til støtte for opprørarane. Stridsvogner dundra gjennom gatene. Opprøret vart ikkje slått ned før kongen gikk på tv og sa: «Eg er øvstkommanderande for dei væpna styrkene. Eg kommanderer dykk tilbake til kasernane.»
Eg spurde den spanske politikaren:
- Ville du ha lystra ordre om kuppmakarane hadde kommandert deg ut for å skyte på ditt eige folk?
- Sjølvsagt, svarte han, om eg var soldat, måtta eg ha lystra ordre, elles kunne eg ha blitt stilt for krigsrett.
Eg vart rasande.
Ein milliard for eit drap
Kjernen i «Besøk av gammel dame» er like fundamental. Her er det pengar som får vaksne folk til å tenkje tanken at dei er villige til å ta liv.
Hovudperson Claire Zachanassian (Marianne Meløy) vender tilbake til den sterkt forfalne heimbyen sin, Güllen. Da ho fór, var ho sviken av kjærasten Alfred Ill (Arne O. Reitan). Han nekta farskap til ungen hennar. Ho drog til Hamburg og prostituerte seg for å overleve. Etter eit år døydde ungen.
No er Zachanassian tilbake. Ho har vorte verdas rikaste kvinne, og tilbyr heimbyen ein milliard kroner. Halvparten skal gå til byen, halvparten til fordeling på innbyggarane. På eitt vilkår: At dei drep Alfred Ill, som svikta ho.
Sivilisasjon til sals
Innbyggarane reagerer spontant. Dei slår ring om Ill, dei er da humanistar, Güllen er ein kulturby. Goethe har overnatta her. Brahms har komponert her.
Samtidig får vi vite korfor Alfred Ill svikta Claire: Det var for å gifte seg med kjøpmannsdottera og til velstand. No er han sjølv kjøpmann. Med tida har han også vorte byens mest populære borgar, og står på terskelen til å bli vald til ny borgarmeister.
Men, som vi får sjå, utsiktene til rikdom øydelegg dei høgste ideal. Sakte, men sikkert oppdagar at Alfred Ill at alle let seg kjøpe. Dei handlar på kreditt i butikken hans og dei kjem med nye eigedelar som han veit dei ikkje har råd til. Sjølv kona og borna let seg lokke til pels og bil mot kreditt fordi dei venter på rikdommen som skal komme når landsbyen tek livet av han.
Tett som hagl
Drivkrafta i denne tragedien er sjølvsagt Claire Zachanassian. Ho har tent seg styrtrik på å gifte seg med magnatar, og kjem tilbake til heimbyen for å bruke pengane på mest destruktive vis. Samtidig viser stykket kor langt vi er i stand til å drive kvarandre. På framifrå vis får vi demonstrert korleis læraren og borgarmeisteren blir rivne mellom omsorga for og relasjonen til medmennesket Alfred Ill, eigne, humanistiske ideal og utsiktene til rikdom.
Den sveitsiske dramatikaren Friedrich Dürrenmatt har skrive stykket, som blir rekna for eit av dei mest sentrale i europeisk teater frå førre hundreår. Her kjem nye dimensjonar, problemstillingar og utfordringar tett som hagl. Ikkje eit sekund får vi vere i fred, verken skodespelarane som blir konfrontert med nye dilemma eller vi som sit i salen. Referansane til Holocaust er forståelege, for stykket hadde urpremiere i 1956. I dag kan vi like gjerne sjå det som eit symbol på turbokapitalismens gift. Klimaks etterlet oss alle i etisk sjokktilstand. Dette er teater på aller ypparste nivå. Det er smått utruleg at stykket visstnok ikkje har vorte sett opp i Norge før.
Frau
Dürrenmatt kalla sjølv «Besøk av gammel dame» ein komedie, og her er flust opp av komikk. Vi får ikkje vite det i oppsettinga på Trøndelag Teater, men sjølv namnet på landsbyen er visstnok skrive med komisk brodd: På den sveitsiske dialekten til Dürrenmatt svarer Güllen til det trønderske å fraue. Byen er i fullstendig forfall. Galleriet som omgir Claire Zachanassian er burlesk, med bødlar, evnukkar og ein panter i bur. Forvandlinga til Alfred Ill frå populær borgar til angrande syndar som vil ta straffa si, er djupt gripande. Vi skjøner at det framleis fins kjensler mellom dei to hovudpersonane. Groteske innslag vekslar med skjør poesi.
Djupt moralsk
Når Dürrenmatt kalla stykket ein komedie, gjorde han det i ein samtidig tradisjon der humor med bismak vart brukt som våpen for å peike på ting som var skeivt og skakt i samfunnet. Sjølv kalla han seg «Den mørkaste komedieskrivaren som finst».
Framfor alt er dette eit drama som går heilt til kjernen av kva det er å vere menneske, som konfronterer oss på mest alvorlege vis med korleis vi er i stand til å oppføre oss under gitte føresetnader, som viser oss kva pengar gjer med oss, og kva vi kan få oss til når vi opptrer i flokk. «Besøk av gammel dame» er djupt moralsk utan eit sekund å moralisere. Derfor blir det fullstendig feilslått når pressemeldinga frå teateret seier at stykket inneheld «et snev av samfunnskritikk». Meir samfunnskritisk teater enn dette finst ikkje.
På skråplanet
Underskrivne bladfyk er ingen skolert teatermeldar. Likevel dristar eg meg til å skrive at regissør Tyra Tønnessen har gripe essensen i stykket på framifrå vis, og fått fram det beste i skodespelarane. Her er solid spel i alle roller. Dette er ei oppsetting der alt stemmer. Det inkluderer i høgste grad scenografien. Eit heilt samfunn har bokstaveleg talt hamna på skråplanet. Effekten er slåande.
Med eiga tunge
Til slutt: Takk og lov at skodespelarane får lov til å tale med eiga tunge! Ingen skal få oss til å tru at Marianne Meløys saftige, vesterålske utbrot ville hatt same intensitet på bokmål. Ei heller at borgarmeister Kjersti Tveterås ville hatt slik kraft om ho ikkje fikk bruke Stavanger-dialekten. Kontrasten mellom dei to og Arne O. Reitan som den etter kvart ille medfarne Alfred Ill blir rett og slett enda tydelegare. Heile framsyninga får ekstra autentisitet.
Og heilt til slutt: Takk, Trøndelag Teater, for at de har sett opp stykket, og på så gjennomført vis. Det blir rett og slett skrive norsk teaterhistorie på hovudscenen no.
For å skrive kommentar til innlegget må du være registrert og innlogget.