Utviklingshemma blir putta i bås
- Detaljer
- Publisert fredag 28. mars 2014 13:30
- Skrevet av Albert H. Collett
Stine Marlen Henriksen t.v. og Marit Monsø Bosness misliker diskrimineringa av menneske med utviklingshemming.
Mange utviklingshemma fikk betre liv etter Ansvarsreforma i 1991. I 2000 snudde utviklinga. Individuelle ønske blir mindre tatt omsyn til. Stadig fleire blir putta i bås og plasserte i grupper der alle får same tilbod. Økonomiplanen til Trondheim kommune forsterkar utviklinga, i strid med menneskerettane og nasjonale mål.
Dette vekker reaksjonar blant brukarar, pårørande og tilsette. FO-klubben Trondheim kommune leverte fleire innspel da bystyret behandla Handlings- og økonomiplan 2014 – 2017. No har FO Sør-Trøndelag sendt forslag til uttale frå årsmøtet i LO i Trondheim. Det er all grunn til å tru at varskuropet blir vedtatt.
Positive innslag
Nestleiar Marit Monsø Bosness i FO Sør-Trøndelag og yrkesfagleg ansvarleg for vernepleiarane, Stine Marlen Henriksen, har hatt meir enn ein finger med i utforminga av forslaget. Dei stikk ikkje under stol at økonomiplanen inneheld godt nytt:
- Det er veldig bra at kommunen prioriterer å auke talet på heiltidsstillingar og kutte i deltidsstillingar. Kvardagen blir lettare og meir føreseieleg for brukarane når dei får færre andlet dei må gjere seg kjende med. Slike ting er viktig for denne brukargruppa og positivt for oss tilsette.
Målet om å kutte i bustadkøa er også positivt.
Ein menneskerett
Men så er det altså ikkje berre fryd og gammen. Monsø Bosness og Henriksen viser til at brukarane blir fråtatt den individuelle valfridomen vi andre verdset så høgt når dei blir sette i bås. Likeverd er eit fundament for menneskerettane. Dei viser også til Stortingsmeldinga «Frihet og likeverd», som slår fast at likestilling føreset like rettar og like høve.
- Desse rettane blir amputerte når kommunen slår saman og sentraliserer bu- og aktivitetstilbod. Da blir det ikkje lenger mogleg å velje kor ein vil bu og kva ein vil arbeide med, og no minkar høvet til å velje fritidsaktivitet. Kommunen tenkjer meir gruppe enn individ. Vi andre bur i lag med familien vår, men vi arbeider ikkje i lag med familien og vi bruker delar av fritida i lag med andre. Økonomiplanen fører til at denne fridomen blir redusert for brukarane. Dess meir gruppe, dess mindre høve til mestring og variasjon i arbeidet og dagleglivet.
Mot nasjonale føringar
I tillegg reagerer dei på at kommunen meir og meir går bort frå fire brukarar per fellesbustad. Først auka kommunen til seks, no har norma vorte åtte. Dette er i strid med nasjonale føringar, men dessverre i samsvar med forskingsresultat som viser same trend over heile landet.
Blant enkelttiltaka som står i fare, vekker forslaget om å legge ned Avanti størst reaksjonar. Avanti er eit byomfattande tilbod om sansestimulering for multifunksjonshemma.
- Dette er eit unikt tilbod med svært god kompetanse. Eg har sjølv opplevd kva verdi det har for ein brukar å ligge i ballbassenget og kjenne at han har føter. Eg tviler på at kvar enkelt bydel klarer å bygge opp denne kompetansen slik administrasjonen ser for seg, seier Henriksen.
Heilt open om valet
Administrasjonen er heilt open på at utviklinga går den vegen Monsø Bosness og Henriksen skildrar. Den er resultat av eit bevisst val for å få bukt med køa av brukarar som venter på eigen bustad, i tillegg til satsinga på fleire heiltidsstillingar.
Dei tillitsvalde roser denne satsinga. Samtidig er dei kritiske til at ulike behov blir sette opp mot kvarandre, slik som når rådmannen skriv at «Økende press på ressurskrevende brukere gjør det nødvendig å omprioritere midler til den gruppen som har størst behov.» Like eins heiter det i avsnittet «»Redusert bemanning i aktivitetstilbudene»: «Hovedprioriteringene på tjenesteområdet er å redusere ventetiden på bofellesskap. Det er derfor nødvendig å redusere bemanningen på aktivitetstilbudene. Individuelle tilbud som svømming, ridning og individuell følgje til eksterne arbeidsplasser må reduseres noe. Det vil imidlertid satses mer på gruppetilbud.»
Støtte frå LO
Styret i LO i Trondheim slutter seg til synspunkta til FO. Dei rår årsmøtet 8. april til å slå fast at alle innbyggarar i Trondheim skal ha rett til å forme sin eigen livssituasjon, også dei som har ei utviklingshemming.
For å skrive kommentar til innlegget må du være registrert og innlogget.
Kommentarer
RSS feed for kommentarer til dette innlegget.