Alberts blogg
Kan noen finne fram fasit?
- Detaljer
- Publisert torsdag 12. desember 2013 06:50
- Skrevet av Albert H. Collett
Det er ingen dristig påstand at dei fleste gjerne vil bli ferdige med Byrkjeflot-saka. Det blir vi neppe på ei god stund. Avstanden mellom Asta B. Håland og John-Peder Denstad er berre eitt av prova på det.
Som dei fleste sikkert har fått med seg, har saka langt frå stått stille mens Arbeideravisa reiste rundt på Cuba. Blant dei meir markante innslaga, var kronikken til Asta B. Håland frå Kvinnegruppa Ottar i Klassekampen 25/11. Ho konkluderte slik mens det enno var aktuelt å halde ekstraordinært årsmøte i LO i Trondheim:
«Blir Byrkjeflot gjenvalgt til tillitsverv i LO, vil det være et kraftig signal om at det ikke er så farlig om LO får en organisasjonskultur der eldre menn kan misbruke sin posisjon overfor yngre kvinner. Hvis bare gubbene er politisk viktige og tar kamper om EU, AFP, fagopposisjonen og andre viktige saker, kan organisasjonen gjerne leve med en ukultur der de sterke og mektige har all makt og unge kvinner er fritt vilt. Det er et svik vi ikke kan tolerere.»
Det fikk sekretær John-Peder Denstad i LO i Trondheim til å rykke ut. Han reagerte på at Håland uttalte seg trass i at ho vedgikk å ikkje kjenne detaljane i saka, og fortsette slik i eit innlegg 28/11:
«Uten å være opplyst om saken dømmer Håland allikevel Byrkjeflot. Og ved å skrive «ei ung jente» og «underordna» snakker hun ned en flott, sjølstendig, voksen kvinnelig tillitsvalgt, valgt inn av årsmøtet som et likeverdig styremedlem i LO i Trondheim.»
Det kunne ikkje den tidlegare leiinga i Raudt i Trondheim late passere uimotsagt. 30/11 skreiv avgått leiar og nestleiar Marek Jasinski og Ann Kristin Alseth blant anna dette:
«Det avgåtte styret i Rødt Trondheim reagerer sterkt på at John-Peder Denstad sier han har innsikt i detaljene i Byrkjeflot-saken, samtidig som han beskriver avdøde utelukkende som sjølvstendig og flott. John-Peder Denstad vet bedre enn de fleste at avdøde også var i en sårbar situasjon. Hvorfor han unnlater å legge vekt på en så viktig del av saken, kan bare han svare for.»
Så ulike er altså oppfatningane om substansen i den tragiske saka. Her finst ikkje fnugg av grunnlag for fredsslutning. Både på grunn av særs sterke kjensler på begge sider, naturleg nok, og på grunn av faktisk politisk usemje.
Kva gjer ein da? Redaktør Bjørgulv Braanen i Klassekampen gav følgjande råd i går:
«Denne saken er tragisk for alle involverte, likevel tyder mye på at den uunngåelige løsningen er at han fratrer sine tillitsverv. Det kan virke urimelig for den som er uenig, men Arne Byrkjeflot kan heller ikke selv være tjent med at denne striden forblir en verkebyll i organisasjonsmiljøet i Trondheim i måneder og år framover. Tilliten er allerede brutt. Noen ganger kan det være nødvendig – heller før enn seinere – å innse at en sak er tapt.»
Dessverre har vi for lengst komme fram til at fasit ikkje fins i dei fleste vanskelege spørsmål. Heller ikkje i denne. Ein merknad frå Arne Byrkjeflot på ein tidlegare Trondheimskonferanse rinn i hu slik saka står no. Han sa noe sånt som at Gerd-Liv Valla ville ha berga posisjonen sin om ho hadde trassa åtvaringane frå politiet og reist til Trondheimskonferansen da kampen mot ho rasa som verst. Implisitt låg det ein tanke om at ho da ville ha komme til sine eigne, som ville ha gitt henne den nødvendige støtta til å overvinne dei som ville bli kvitt henne.
Vi har ikkje kommunisert mye med Byrkjeflot etter at saka om opp, langt mindre granska hjartet og nyrene hans. Inntrykket er likevel at han har vore innstilt på å stå oppreist gjennom stormen same kor sterk han måtte bli. Sjølvsagt vil det gjelde i enda sterkare grad enn for Valla at Byrkjeflot vil komme til sine eigne på Trondheimskonferansen. Det er han som har vore den heilt sentrale krafta i å bygge den opp. I større grad enn for noen annan kan ein seie at den er hans verk.
Så er det også sånn at dette verket for lengst har vorte større enn Byrkjeflot sjølv. Vel er det flaggskipet til LO i Trondheim, men i enda sterkare grad har det vorte venstresida i LOs årlege Mekka. Det er hit dei valfartar for å få nye innspel, inspirasjon og pågangsmot. Det er denne politiske verkstaden som er den viktigaste vitamininnsprøytinga deira.
Arne Byrkjeflot har innsett at det vil tene LO i Trondheim at han no har trekt seg som leiar. Dagens vedtak i FO kan vere eit første signal i ein prosess som fører til at Byrkjeflot også trekkjer seg som styremedlem i LO i Trondheim og som innleiar på årets konferanse, nettopp for å berge konferansen for framtida. Ingen veit betre enn Byrkjeflot kor viktig konferansen er.
Mange har fått mye juling i denne saka. Kanskje nærmar tida seg for å legge seg flat og starte oppbygginga av ny tillit. Så opprivande som saka har utvikla seg til å bli, vil det overraske mye om det ikkje kjem nye utspel både i forhold til Trondheimskonferansen og til årsmøtet i LO i Trondheim til våren.
Blant desse utspela vil det sjølvsagt vere mange som melder seg med vikarierande motiv. Vi meiner t.d. framleis det er mildt sagt uryddig når Gerd Kristiansen skyv LOs juridiske kontor framfor seg for å seie at Arne Byrkjeflot har opptredd slik at han ikkje kan vere tillitsvald.
Blant dei mange taktiske vurderingane LO i Trondheim kan få det travelt med i tida som kjem, er kva som er viktigast: Å ha LO-leiaren på talarstolen på Trondheimskonferansen, eller at Arne Byrkjeflot får komme til sine eigne. Friskt i minnet sit den unisone overhøvlinga av Raymond Johansen på siste konferanse. Som indremedisin, fantastisk, i politisk utteljing, null.
I eit større bilde hører blant anna desse elementa med:
- Trondheimskonferansen har uvurderleg verdi for venstresida i LO.
- Konferansen har vore og er framleis svært mannsdominert. Med FOs boikott blir kjønnsbalansen ille. På sikt er denne situasjonen uhaldbar.
Asta B. Håland måler med svært brei pensel når ho skriv at «Hvis bare gubbene er politisk viktige og tar kamper om EU, AFP, fagopposisjonen og andre viktige saker, kan organisasjonen gjerne leve med en ukultur der de sterke og mektige har all makt og unge kvinner er fritt vilt.» Likevel er dette ei problemstilling konferansen ikkje kan vri seg unna, verken av faktiske eller taktiske grunnar.
Trøysta får vere at Trondheimskonferansen 2014 blir ein minst like spennande politisk verkstad som dei tidlegare har vore.
For å skrive kommentar til innlegget må du være registrert og innlogget.
Kommentarer
RSS feed for kommentarer til dette innlegget.